Bekkestua vinmonopol

Velkommen til Vinmonopolet på Bekkestua

Gamle Ringriksvei 33, telefon: 04560.

 

 

 

 

 

 

Åpningstider på Bekkestua Vinmonopol 

Åpningstider uke

Mandag 25. mai 10:00 - 18:00

Tirsdag 26. mai 10:00 - 18:00

Onsdag 27. mai 10:00 - 18:00

Torsdag 28. mai 10:00 - 18:00

Fredag 29. mai 10:00 - 18:00

Lørdag 30. mai 10:00 - 15:00

Søndag 31. mai        Stengt

 

Postkontoret ligger nå i butikken Rema 1000 Signaturgården.

Åpningstider:Mandag - Lørdag: 07.00-23.00 Innleveringsfrist Mandag - Fredag kl.17.00

Adresse: Gamle Ringriksvei 45A 1357 Bekkestua 1357 - Postboks 280, 1319 Bekkestua

Telefon: 22 03 00 00

www.posten.no Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Korleis bereknar du vinmengd til middag eller selskap? Kor mange gradar skal vinen halde? Og kva vinglas skal du velje? Her får du svar på spørsmål om berekning og servering av vin.

Førebu innkjøp

Korleis vel du vin til selskapet, og kor mykje skal du berekne?

Før du kjøper inn vin til selskapet, bør du tenkje gjennom nokre ting:

Skal du bestille vin, rår vi deg til å gjere det minst ei veke før selskapet. Før høgtider bør du rekne to veker for å vere sikker på å få vinane du ønskjer. Du kan hente varene dine i butikk, på postkontor eller få dei sende heim.

I tabellen nedanfor vil eitt glas seie 10–12 cl raudvin, 10 cl musserande vin / kvitvin og 6 cl søt vin / sterkvin. Sjølve glaset bør romme meir, men med tanke på innkjøp er det mengda vin i glaset som er det interessante.

Skal de sitje lenge ved bordet, til dømes dersom det er mange planlagde talar, kan det vere greitt å rekne noko ekstra vin til hovudretten.

Ønskjer du å returnere uopna flasker etter selskapet, er det lurt å avtale det på førehand med den lokale vinmonopolbutikken. Hugs kvittering!

 

Kor mange flasker vin treng eg?

Rekn ut kor mange flasker vin du treng, ut frå talet på gjester og vinmengd per gjest:

Aperitif/musserande vin:

1-2 glas pr person         6-7 glas pr flaske

Forrett:

1-2 glas pr person         6-7 glas pr flaske 

Hovedrett:

2-3 glas pr person         5-6 glas pr flaske 

Dessert - søt vin eller søt sterkvin:

1 glas pr person             10-12 glas pr flaske

 

Ein kartong med vin (3 liter) tilsvarar 4 flasker vin.

I ein standard 70cl flaske brennevin, likør etc er det 17,5 einingar. Da beregner vi 4cl pr eining.


Serveringstemperatur

Rett temperatur er viktig for at vinen skal kunne vise seg frå si beste side. Dessverre blir raudvin ofte servert for varm og kvitvin for kald.

Server heller vinen litt for kjølig enn for varm. Vinen blir fort oppvarma når han kjem i glaset.
Kort fortalt bør lette, rimelege og enkle vinar – raude som kvite – serverast kjølige. Vinar med fylde, kraft og konsentrasjon bør serverast «romtempererte», det vil seie oppunder 18 ˚C.

Tilrådde serveringstemperaturar


Kor fort blir vinen kald i kjøleskapet?

Temperaturen i eit kjøleskap er normalt 4 ˚C. Tek du ein vin direkte frå kjøleskapet, vil han halde rundt 8 ˚C etter 20 minutt i romtemperatur. Set du ein raudvin som held 24 ˚C, inn i kjøleskapet, vil han vere om lag 18 ˚C etter 30 minutt.

Kjøleskapskald vin (4 ˚C) er forfriskande, men har lite smak og aroma. Stig temperaturen på vinen til over 20 ˚C, blir han fort slapp og alkoholisk, og dei fine smakane og luktene forsvinn.

 

Gode vinglass

Valet av glas er med på å prege smaksopplevinga av vin.

Fleire typar glas eignar seg til vin. Mange vil nok først og fremst velje glas som dei synest er fine, men for å få mest mogleg ut av aromaen og smaken i vinen bør ein òg leggje vekt på andre ting.

Sjølve glaset

Vinmengda

For at vinen skal få rom til å frigjere aromaer, bør ikkje glaset vere for fullt. Halvfullt glas er meir enn nok. Mykje vin i glaset vil òg gjere det vanskelegare å rotere vinen utan at det skvalpar over.

Oppdekking

Glaset som blir brukt til velkomstdrikk før gjestene har sett seg, kan ein ta med til bordet og bruke til forretten. Elles er det vanleg å setje fram eitt glas til kvar vin ved kvar kuvert. Tradisjonelt set ein glasa i rekkjefølgja frå høgre mot venstre. Vin fungerer dårleg som tørstedrikk, det er derfor viktig å ta med eit vassglas i oppdekkinga.

Reingjering

Skyl glasa godt før du tek dei i bruk. Dei vil som regel ha litt såpe igjen frå oppvasken og «støvlukt» frå skapet. Du bør vaske glasa med lite eller inga såpe, helst for hand i ein heilt rein kum eller balje. Slik unngår du å få matfeitt i glasa. Skyl og tørk glasa godt før du set dei inn i skapet.

Opning og dekantering

Det finst ei rekkje forskjellige vinopnarar på marknaden, men det enkle kan gjerne vere det beste.
Vinopptrekkjarar kjem i mange stilar og prisklassar. Det viktigaste er at spiralen er god. Han må ikkje vere tynn og kort som på ein lommekniv – då får han ikkje feste – og heller ikkje massiv, for då utvidar han korken, slik at han blir nesten umogleg å få opp. Spiralen bør vere hòl, det vil seie at det er plass til ei fyrstikk i kjernen.

Kunsten å opne ei vinflaske

Dekantering og lufting

Å dekantere vin vil seie å helle den klare vinen over i ein annan behaldar mens botnfallet blir igjen på flaska. Vin skal lagrast liggjande. Då samlar botnfallet seg langs sida av flaska. La derfor flaska stå eit døgn før du opnar og dekanterer vinen.

Svært gammal vin bør vanlegvis ikkje dekanterast. La berre flaska stå eit døgn først, og hell så direkte frå flaska over i glaset. Stopp å helle når det er om lag eit glas igjen på flaska. Resten kan du filtrere gjennom eit kaffifilter.
 
Ein tenkjer ofte på dekantering i samband med gamle vinar, men det kan vere vel så viktig å gjere det for å «lufte» unge vinar. Det kan vere vin som er meint til lagring, men som du ønskjer å smake før han har nådd full modning. Luftinga vil få vinen til å opne seg og gi meir aroma og smak.
 

Serveringsrekkjefølgje

Når du skal servere fleire typar vin etter kvarandre, bør dei som regel komme i ei bestemt rekkefølgje.
Det er til dømes lettare å smake ein tørr kvitvin før ein søt kvitvin og ein lett raudvin før ein kraftig raudvin med mykje garvestoff.

Ein fleirretters middag startar gjerne lett og avsluttar med tyngre retter som hovudrett og dessert. Denne rekkjefølgja passar òg bra for vinserveringa. Dei lette og delikate vinane kjem først, dei fyldige og kraftige lenger ut i måltidet, og den søte vinen til slutt.

Her er fire tips for serveringsrekkjefølgje som bør hjelpe deg langt på veg:

Dei to første punkta har ein liten forrang for dei to siste: Ein lett raudvin kan godt komme før ein tung kvitvin, og tørr raudvin kan serverast før søt kvitvin. Gamle og komplekse vinar kan vere vanskelege å smake seint i ein serie. Smak heller desse tidleg – og kanskje aller helst åleine. Dei fortener god tid og mykje merksemd, og tunga og ganen bør vere utkvilte.

Budsjettips: Du kan bruke den same vinen til aperitiff og forrett. Den same vinen kan òg brukast til fleire forretter med liknande eigenskapar. Til desserten kan du servere kaffi i staden for dessertvin.

Vin igjen på flaska

Viss du har ei halvfull flaske igjen eller nokre vinslantar her og der, kan du ta vare på dette til seinare bruk. Slantane kan du samle for eksempel på ei flaske eller på eit reint syltetøyglas, leggje i frysaren og hente fram igjen neste gong du skal lage ein god saus eller gløgg. Ikkje fyll glaset heilt opp, då sprekk glaset i frysaren. Bruk aldri vin med feil: Det blir ikkje god saus av det! Viss det er meir vin igjen i flaska, kan han godt oppbevarast og drikkast innan eit par dagar. Set kork på flaska, og ha henne i kjøleskapet, då held ho seg lenger. Originalkorken kan brukast viss han ikkje er blitt heilt gjennombora ved opning. Det er som regel lettast å setje han opp ned. Vinen vil som regel tape seg litt når han blir oppbevart på denne måten, men vil sjeldan få noko bismak før etter 2–3 dagar.

Unge, fruktige og robuste vinar held seg lenger enn meir utvikla vinar. Musserande og økologiske vinar ser ut til å halde seg lenger enn andre svakvinar. Sterkvinar, med unntak av dei lettaste sherryane, er langt meir haldbare enn svakvinar. Butikkar for kjøkkenartiklar sel utstyr som gjer det mogleg å oppbevare vinrestane endå lenger.